Ordensreglar for Fiksdal Friskule
Ordensreglar for Fiksdal Friskule sist justert 27.10.2020
Ordensreglane skal gjennomgåast på alle steg kvar haust, og godkjennast i rådsorgana.
- Elevar og tilsette på skulen må gjere sitt beste for at vi skal få eit trygt og godt arbeidsmiljø, der
alle viser ansvar, omsorg og respekt for kvarandre. - På skulevegen skal elevane vise omsyn og respekt for sine medelevar. Særleg omsyn må ein vise
overfor dei yngste elevane. - Elevar og tilsette er ansvarleg for at det er god orden på klasserommet og skuleområdet.
- Føresette og barna har ansvar for at barna møter til rett tid. Dei skal og saman sjå til at dei bøker
og det materiell som til ei kvar tid er nødvendig er med, og at heimearbeidet er skikkeleg gjort. - Syklar, sparkar, ski o.l. skal setjast på tilvist plass. Det er forbode å sykle, bruke rollerblades, sko
med hjul og skateboard på skulen sitt område i skule – og SFO-tida. Barna bør nytte hjelm til og
frå skulen. Hjelm skal og nyttast ved bruk av snowboard. - Meldingsmappa skal takast med til skulen og bli levert kvar dag. Når eleven har vore hindra i å
møte til undervisning, hindra frå å førebu seg, eller må be seg fri, skal det leverast skriftleg
melding (t.d. i meldingsbok, SMS, e-post, Visma) underskriven av foreldre/føresette. Ved lengre
sjukefråvær må skulen få melding etter 3 skuledagar. Elevar som ikkje skal vere med i
kroppsøving, skal ha melding om dette. Gjeld fråværet eit lengre tidsrom, skal det leggjast fram
legeattest. - I friminutta skal elevane til vanleg vere ute. Læraren har det overordna ansvaret.
- Yttertøy skal elevane henge frå seg i gangen. Yttertøy, gymklede og ekstraskift bør vere merka.
- Alle bør bruke innesko. Utesko er ikkje tillatt på klasserommet. For å delta i kroppsøving i
gymsalen, må elevane ha gymsko som ikkje elles blir brukt til uteaktivitet. - Elevane skal ikkje forlate skuleområdet utan løyve.
- Det er ikkje lov å ta med snop.
- Elevar har ikkje lov til å ha med seg mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr til skulen og
SFO, om det ikkje er spesielt avtalt mellom skule og heim. - Brot på ordensreglane vert teke med i vurderinga av orden og åtferd. I alvorlege tilfelle får
heimen melding. Ved brot på regelen om bruk av mobiltelefon, blir den inndregen og dei
føresette må hente den. - Ved vurdering av eventuelle tiltak, der elevane har brote ordensreglane, skal dei føresette bli
kontakta av kontaktlæraren etter avtale. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å
forklare seg munnleg til den som skal ta avgjerda.
Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal alltid
varslast før ein elev på 1. til 7. årssteg blir bortvist for resten av dagen.
Skulen har mynde til følgjande tiltak dersom elevane bryt reglane:
a) Innesitjing i friminuttet. Lærar tek avgjerd.
b) Bortvisning frå ein undervisningstime. Lærar tek avgjerd.
c) Bortvisning frå delar av ein skuledag. Vedtak av rektor i samråd med lærar.
d) Føresette kan verte gjort økonomisk ansvarleg for skadar p.g.a. uvøren framferd.
Ved tiltak c og d skal heimen ha melding frå skulen i forkant. Avgjerd om bortvising etter desse
punkta er enkeltvedtak, og reglane i forvaltingslova gjeld. Fylkesmannen er klageinstans.
Skulen er ikkje økonomisk ansvarleg for ting som vert øydelagt eller borte.