Fiksdal Friskule er godkjent friskule på kristent grunnlag, og planlegg oppstart hausten 2022. Me har offentleg godkjente læreplanar og målsetjing å gje eit trygt, godt og inspirerende miljø for alle elevar og tilsette. Me ønskjer fagleg måloppnåing gjennom tilpassa opplæring og gjennom bruk av ressursar i nærmiljøet.

Fiksdal Friskule har ledige stillingar som Rektor/Dagleg leiar, Lærar, Fagarbeidar/assistent.Me tilbyr løn etter avtale, og same pensjonsvilkår som den offentlege skulen.

Vil du vere med på å forme eit skuletilbod der me også legg vekt på å bygge bru mellom teoretiske og praktiske fag?

For nærare informasjon eller spørsmål, ta kontakt med Sindre Gjelsten Bøe (907316269) eller Petter Inge Bergheim (95215004). Søknad sendes post@fiksdalfriskule.no innan 31.01.2022. Kjenner du nokon som bør søke?

Katogori
Tagger

Kommentarfeltet er stengt