Vestnes kommune kan ikkje gje oss endeleg svar på om me får ta over skulebygget før kommunestyremøte i april. Me ønskjer å sikre at me har ein stad å vere ved skulestart, og har difor lenge arbeidd med å sjå på alternative bygg til det eksisterande skulebygget i Fiksdal.

Alternativa me ser på er Kyrkjelydshuset i Fiksdal, og skulebygget i Rekdal.

Me har hatt positive møte med både med styret i Stiftelsen Rekdal Skule og styret i Kyrkjelydshuset, og me er difor trygg på at me skal ha ein god stad å vere ved skulestart i august! 💪

Katogori
Tagger

Kommentarfeltet er stengt