Torsdag 29 september vart det klart at Fiksdal Friskule var vinnerane av ein landsdekkande konkurranse arrangert av Skogselskapet. Over 400 skular deltok, og tilsette og elevar feira med lammeburger og kakao.

Jubelen stod i taket då det vart kjent at bidraget til 1. og 2. trinn vart trekt ut som vinnarar av konkurransen. Heile skulen feira med lammeburger servert i Skotet, med deilig kakao til dessert. Premien frå Skogselskapet er ei stor kasse med spikkeknivar, øks og greinsaks, slik at skulen no har mykje nytt og godt utstyr til videre aktivitet i skogen.

Sjå video under

Video frå sendinga til Skogselskapet.

Kunstneriske elevar

Det var elevane sin kunstneriske innsats som førte til sigeren i konkurransen. Heile onsdag denne veka gjekk med til å samle inn materiale frå skogen på skuleområdet, som vart nytta til å danne ulike kunstverk. Sjå biletegalleri nedst i saka.

Stolt rektor

– Dette er eit tydeleg signal til elevane våre om at det lønner seg å legge ned ein innsats!
Det seier rektor ved Fiksdal Friskule etter sigeren. Han er særs nøgd med elevane sin innsats, og lovar deltaking i fleire nasjonale konkurransar i løpet av skuleåret. Rektor annonserte raskt at dette måtte feirast, og kakao vart varma på skulens bålpanne.

Bilete frå dagen

Vinnarbidraget frå 1. og 2. trinn
Eit av bidraga frå 5. til 7. trinn
Eit av bidraga frå 5. til 7. trinn
Eit bidrag frå elevar frå 3. til 5. trinn
Eit av bidraga frå 3. og 4. trinn

Katogori
Tagger

Kommentarfeltet er stengt