Ledige lærarstillingar ved Fiksdal Friskule SA

Frå 1. august 2024 har du moglegheit til å tiltre i kjempespennande stilling som lærar ved skulen vår. Vi har ledige stillingar i fleire storleikar før oppstart av skuleåret 2024/2025. Både vikariat, men og med moglegheit for å få fast. Til fast stilling ligg det moglegheiter for å vere kontaktlærar. Du vil som lærar ha ansvaret for planlegging og gjennomføring av undervisning for dine klassar. Du vil jobbe tett saman med dei andre tilsette på skulen og med dagleg leiar / rektor.

Arbeidsoppgåver

-Bidra til eit trygt og godt læremiljø for alle.
-Vere ansvarleg for godt samarbeid mellom skule og heim.
-Skape aktive og motiverte barn.
-Planlegging og gjennomføring av undervisning for dine klassar/grupper/elevar.
-Samarbeide med dei andre lærarane for å leggje til rette for god læring.
-Sørge for at satsingsområda ved skulen blir ivareteke.

Personlege eigenskapar

-Du er samarbeidsvillig.
-Du er fleksibel – du ser løysningar og kan trå til der det trengs.
-Du er glad i barn og vaksne.
-Du har gode kommunikasjonseigenskapar.
-Du har forståing, interesse for og ser verdien av digital læring, og har god digital kompetanse.
-Du ser elevane, tilpassar opplæringa og legg til rette for meistring.
-Du er ein tydeleg og motiverande lærar.
-God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg.
-Du er kreativ og evner å legge til rette for praktisk tilnærming til teorien.
 

 

Kvalifikasjoner

-Godkjent allmennlærar og bredde i kompetansen.
-Politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi tilbyr

-Ein innovativ skule som er i stadig utvikling.
-Moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, seminar og andre aktivitetar.
-Vidareutdanning gjennom Udir sine program med stipend / redusert arbeidstid.
-Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, reglement og tariffavtalar.
-Engasjerte og faglig dyktige kollegaer. 
-Gode pensjons- og forsikringsordninger.

Spørsmål rundt stillingane kan rettast til dagleg leiar/rektor Lone Stavnes på telefon 92311986 eller e-post lone@fiksdalfriskule.no

Søknad med CV sendast innan søndag 24. mars 2024 til lone@fiksdalfriskule.no