Fiksdal Friskule er ein privat skule eid og drifta av bebuarane i bygdene Fiksdal og Rekdal. Skulen er bygd på ein kristen profil, og følg ein læreplan godkjent av Utdanningsdirektoratet.
Fiksdal Friskule ønsker å bygge eit læringsmiljø med fokus på praktisk og tverrfagleg læring, der me gjer nytte av ressursar i nærmiljøet, og den rike naturen Fiksdal og Rekdal byr på. Gjennom opplæringa skal elevane utvikle eigenskapane som gjer dei til individ, samtidig som dei skal bli gode lagspelarar.
Skulen er godkjent av UDIR for å drive skule for 1. til 7. trinn
Skulen følg læreplanverket i alle fag, med unntak av KRLE, der me følgjer ein godkjent plan utarbeida av Kristne Friskolers Forbund i samarbeid med UDIR.
Skulen er open for alle barn i skulealder, uavhengig av bakgrunn og livssyn
Vedlegg