Lære gjennom å gjere
Fiksdal Friskule er godkjent 1.-7. grunnskule på kristent grunnlag etter friskulelova. Vi ønskjer å vere ein skule der elevane føler på meistring, trivsel og motivasjon til læring. Skulen sitt motto og slagord er;
«Lære gjennom å gjere».
FRILUFTSKULE
Våre satsingsområder
GODE LESARAR
Vi ønskjer å lære elevane gode leseferdigheiter, då dette er ein avgjerande faktor for forståinga i alle fag.
LEKSEFRI
Vi er ein leksefri skule, men oppmodar til lesetrening i heimen for alle elevane. I 7. klasse har vi i samråd med føresette praktisert leksetrening for å førebu elevane til ungdomsskulen.
OPPDATERT LÆREVERK
Skulen har oppdaterte fysiske lærebøker i tråd
med gjeldande læreplan.
LUNSJ
Elevane får lunsj ved skulen kvar dag. Elevane bytar på å lage måltida ilag med vaksne. Ein nyttar den flotte kantina eller så tek ein lunsjen ute ved bålet, enten ved skotet eller ute på tur i det flotte nærmiljøet.
FRILUFTSSKULE
Så ofte det let seg gjere flyttar vi klasserommet ut.
Vi nyttar både det flotte uteområdet ved skulen og nærmiljøet for øvrig. Her det ekstra kjekt å lære!
-
Skulen har eigne kajakkar. Frå våren 2025 skal tilsette på kajakk-kurs, og vi gler oss til å ta desse meir i bruk.
-
I 7. klasse deltek elevane ved Fiksdal Friskule på leirskule på Bjørnsund ilag med andre klassar frå kommunen. Bjørnsund er eit fråflytta fiskevær langs kysten vår, der folk tidlegare levde av fiske og sjødrift.
På leirskulen er det hovudvekt på praktiske aktivitetar ute.
Læring gjennom erfaring og oppleving står sentralt. -
Skulen har to lavvoar som vert nytta til ulike aktivitetsdagar. Blant anna blir samenes nasjonaldag markert ute ved lavvoen, gjerne med mat frå samiske tradisjonar. Skulen satsar og på at elevar overnattar utandørs ein gong i året. Dette er både ei lærerik og kjekk oppleving for elevane.
-
På det flotte uteområdet ved skotet fyrer ein gjerne opp bålpanna og et lunsjen ute.