Visjon
Vi ønskjer å vere ein skule der elevane føler på meistring, trivsel og motivasjon til læring. Skulen sitt motto og slagord er; «Lære gjennom å gjere».
Fiksdal Friskule er ein privat barneskule i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune.
Den private skulen starta hausten 2022 og driv under utvida kristen formålsparagraf.
Skulen har elevar frå 1. – 7. klasse med nynorsk som skulen sitt skriftlege hovudmål.
Elevane får frukost og varmlunsj ved skulen kvar dag.
Oppdaterte lærebøker og iPad/pc blir nytta i skulekvardagen. Skuleåret 2024-25 har skulen 32 elevar, med klar ambisjon om vidare vekst. Store delar av skulen vart renovert etter at skulen vart privat. Spesielt kan nemnast den flotte kantina ved skulen. Her er det lagt til rette for å lage mykje god mat.
Skulen har oppdaterte lærebøker og romslege klasserom med god luft. Her er eit flott uteområde der elevane er mykje ute i aktivitet.
Med våre engasjerte og dyktige tilsette vil elevar trivast på Fiksdal Friskule.
Våre satsingsområder:
-
Vi ønskjer å lære elevane gode leseferdigheiter, då dette er ein avgjerande faktor for forståinga i alle fag.
-
Vi er ein leksefri skule, men oppmodar til lesetrening i heimen for alle elevane. I 7. klasse har vi i samråd med føresette praktisert leksetrening for å førebu elevane til ungdomsskulen.
-
Skulen har oppdaterte fysiske lærebøker i tråd med gjeldande læreplan.
-
Elevane får lunsj ved skulen kvar dag. Elevane bytar på å lage måltida ilag med vaksne. Ein nyttar den flotte kantina eller så tek ein lunsjen ute ved bålet, enten ved skotet eller ute på tur i det flotte nærmiljøet.
-
Så ofte det let seg gjere flyttar vi klasserommet ut. Vi nyttar både det flotte uteområdet ved skulen og nærmiljøet for øvrig. Her det ekstra kjekt å lære!
Vi held til i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune. Saman med nabobygdene er vi så heldige å ha fantastisk natur, breitt næringsliv og stor skaparglede.
I Fiksdal har vi barnehage, nærbutikk, kunstgrasbane, kulturliv samt kort veg til både fjell, skog og sjø.
FIKSDAL
Fiksdal ligg sentralt plassert, 20 minutt frå kommunesenteret Vestnes, 45 minutt frå Ålesund sentrum, 1 time frå Åndalsnes sentrum og 1 time frå Molde.
Innanfor 45 minutt køyretur frå Fiksdal ligg det nesten 50 000 arbeidsplassar og ventar på oss.