Så ofte det let seg gjere flyttar vi klasserommet ut.
Vi nyttar både det flotte uteområdet ved skulen og nærmiljøet for øvrig.
Her det ekstra kjekt å lære!

KAJAKK I SKULEN

Skulen har eigne kajakkar.
Frå våren 2025 skal tilsette på kajakk-kurs, og vi gler oss til å ta desse meir i bruk.

LEIRSKULE

I 7. klasse deltek elevane ved Fiksdal Friskule på leirskule på Bjørnsund ilag med andre klassar frå kommunen. Bjørnsund er eit fråflytta fiskevær langs kysten vår, der folk tidlegare levde av fiske og sjødrift.
leirskulen er det hovudvekt på praktiske aktivitetar ute.
Læring gjennom erfaring og oppleving står sentralt.

LAVVO

Skulen har to lavvoar som vert nytta til ulike aktivitetsdagar. Blant anna blir samenes nasjonaldag markert ute ved lavvoen, gjerne med mat frå samiske tradisjonar. Skulen satsar og på at elevar overnattar utandørs ein gong i året. Dette er både ei lærerik og kjekk oppleving for elevane.

SKOTET

På det flotte uteområdet ved skotet fyrer ein gjerne opp bålpanna og et lunsjen ute.