Inntaksreglement for Fiksdal Friskule med justering sist 27.10.2022

§ 1 Inntak

Fiksdal Friskule er open for alle, og inntaket skal skje i samsvar med gjeldande bestemmelsar, jfr.friskolelova, § 3-1.

§ 2 Elevinntak

Skulen skal ta inn elevar i forhold til fastsett kapasitet ved skulen. Styret fastset klassetal og klassestorleik for kvar søknadsperiode etter tilgang på elevar mellom anna basert på kullstorleik i barnehagen i Fiksdal. Ved kapasitetsproblem blir det prioritert slik:

    1. Barn med bustadadresse i Fiksdal og Rekdal

    2. Barn frå Fiksdal Barnehage

    3. Barn med søsken på Fiksdal Friskule

    4. Barn som skal starte i 1. klasse

    5. Barn til tilsette

    6. Barn som tidlegare har vore elevar ved Fiksdal Friskule

    7. Barn som har gått i barnehage driven på same religiøse grunnlag.

I tilfelle der fleire søkjarar står likt, vert det gjeve tilbod om plass etter loddtrekking mellom desse.

Etter inntak ved Fiksdal Friskule kan skulen hente inn opplysningar frå PP-tenesta, tidlegare skule eller barnehage. Dette kan ikkje gjerast før etter at foreldre /føresette frivillig har gitt skriftleg samtykke.

§ 3 Kunngjering om inntak av elevar

Kunngjering om inntak av elevar blir gjort kvart år i januar månad for å sikre at informasjon om inntak for neste skuleår når offentlegheita. Kunngjeringa skal gje naudsynte opplysningar om søknadsfristar og ei kort beskriving av dei kriteria som er omtala i § 2 i inntaksreglementet.

Vi har løpande opptak heile året.

§ 4 Behandling av søknader og kunngjering av inntak

Den daglege leiaren ved skulen skal, i samråd med skulestyret, og i samsvar med reglementet, avgjere kva for elevar som skal takast inn ved skulen. Søknadane blir behandla og vedtak blir gjort i samsvar med kap. 5 og 6 i forvaltningslova.

Innstillinga om elevinntak skal vere skriftleg. Endeleg inntak skjer på grunnlag av denne innstillinga.

Innan 6 veker etter at søknadsfristen har gått ut, skal søkjarane bli informerte om inntaket. Alle søkjarar skal ha skriftleg svar på søknadane sine. Melding om inntak av elevar skal også sendast til heimkommunen til eleven. Etter § 3-1, 6.ledd er avgjerda om inntak (innvilga eller avslått) eit enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, og søkjaren kan klage på vedtaket til Fylkesmannen.

§ 5 Prioritert venteliste

Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, skal det setjast opp ei prioritert venteliste som skal nyttast ved elevinntak
dersom det skulle bli ledige skuleplassar.

§ 6 Endring av inntaksreglementet

Dette inntaksreglementet kan endrast av skulestyret innanfor rammene av gjeldande reglar i friskolelova og vedtektene for skulen. Det er inntaksreglane slik dei ligg føre på søknadstidspunktet og er presentert på skulen si nettside som skal ligge til grunn ved inntak av søkjarar.